WE LIVE HERE, another review from Norway

WE LIVE HERE, another review from Norway

Mr. , wrote this on norwegian magazine Dagsavisen… thank you Roal!

http://www.dagsavisen.no/helg-nye-inntrykk/jazz/motifs-motiv-1.900224

 

«My Head Is Listening» (Cleen Feed/Musikkoperatørene) heiter plata, frå bandet som i 2005 vart starta av bassisten Ole Morten Vågan. Musikken kan vi trygt kalle moderne akustisk norsk jazz, glitrande framført med seks musikarar av same generasjon, som kvar for seg dukkar opp i mange band.

Med Atle Nymo på saksofon, Eivind Lønning trompet, Håvard Wiik piano, Ole Morten Vågan bass, Håkon Mjåset trommer, er bandet straks på hogget i det kraftfulle opnings og tittelsporet. Med musikk i skiftande i modus, kollektivt fabulerande med rom for alle, i stadig skiftande konstellasjonar. Med opningar stundom i slekt med Atomic, men først og sist utfordrande i sitt eige uttrykk gjennom sju låtar. Ein av dei heiter «The Guns of Amarone, Episodes 1&2», dei avsluttar med «Lontano Sea», med glitrande solistar heile vegen.

Det var forventningar til bandet då Vågan starta det, med musikarar frå øvste jazzhylle. Frå ulike norske utgjevarar kom Motif med det sjette albumet «Art Transplant» inn i stall Cleen Feed, labelen der norske band gjer seg meir og meir gjeldande. «My Head Is Listening» vil garantert gjere deg godt i adventstida.

«Oase» på All Ice

På «Oase» (All-Rice Records/Phonophil) gjer perkusjonist Terje Isungset og vokalist Sissel Vera Petterson sitt første album saman. Dei har vore saman i andre konstellasjonar, men dette er første gong dei møtest i duo. Sissel Vera Pettersen har både som vokalist og saksofonist ein internasjonal karriere i fleire format, på «Oase» er det både elektronikken og akustikken som sveisar dei saman gjennom ti spor frå «Floret» via Munnharpun» til «Straa» og «Vidde».

Godbit frå Italia!

Ein av årets store godbitar kjem frå den italienske pianisten Lorenzo de Fintis kvarttett, med albumet «We Live Here/Suite For Jazz Quartet» (Losen/Musikklosen). Strålande vakker musikk frå de Finti, som lei av elektrisk musikk gjekk akustisk med bodskapen «We Live Here».dagwe live here varese

No Comments

Sorry, the comment form is closed at this time.